Rangøya

Ei lita øy ytst på Nordmøre, om lag ei nautisk mil frå Atlanterhavsvegen i Averøy kommune.

Rangøya sett frå lufta ein vinterdag, med snø, hus og sjø rundt
Rangøya frå lufta, vinter.
Rangøya internasjonale kultursenter → Kulturhelga Havglimt

Øya

Rangøya ligg ytst i skjergarden på Nordmøre, der folk sa at Vårherre tørka av seg hendene då han var ferdig med skaparverket: talause øyar og skjer, og folk som held seg fast og byggjer bruer mellom dei.

Øya var lenge eit lite fiskarbruk som så mange andre langs kysten. I dag er ho knytt til Averøy med veg, så du treng inga ferje for å kome hit.

Frå lufta

Flyfoto av Rangøya med husa og fjella bak
Rangøya med fjella på Nordmøre bak.
Flyfoto av busetnaden og hamna
Busetnaden ved sjøen.

Flyfoto frå Rangøy Rorbu.

Familien

I mange år tok Inge og Marit Rangøy imot gjester på Rangøya gjennom utleigeverksemda Rangøy Rorbu. Dei har no gått av med pensjon, og rorbu-utleiga er avslutta, men kultursenteret held kontakten med tidlegare gjester.

rangoy.com var i mange år eit felles nettprosjekt for brørne Øyvind og Gunnar Rangøy.

Utsikt over sjøen og øyane Sau ved sjøen Båt på sjøen Solnedgang over skjergarden Kveldsstemning over øyane

Bilete frå Rangøy Rorbu.

Rangøya i dag

Det gamle fiskarbruket er i dag Rangøya internasjonale kultursenter, som tek imot forfattarar, omsetjarar og kunstnarar frå heile verda – med opphald, arrangement og samarbeidsprosjekt. Velforeninga Havglimt har dessutan arrangert Kulturhelga Havglimt i Løa på Rangøya sidan 2016, i 2025 for fjerde gong.

Husa på Rangøya i kveldslys ein vinterdag
Kveld på Rangøya.

Les meir om kultursenteret på rangoya.no

Finn fram

AdresseRangøyveien 423
6532 Averøy
Med bil35 min frå Kristiansund, 1 t frå Molde, 4 t frå Trondheim
FlyKristiansund (Kvernberget), 37 km
Molde (Årø), 54 km

Kart © OpenStreetMap-bidragsytarar · Opne større kart · Flyfoto i Norgeskart

In English

Rangøya is a small island on the west coast of Norway, about one nautical mile from the Atlantic Ocean Road in Averøy. Once a small fisherman's farm like many others, it is connected to Averøy by road, so no ferry is needed.

For many years Inge and Marit Rangøy welcomed guests to the island through Rangøy Rorbu. Today the island is home to Rangøya International Cultural Centre, which hosts writers, translators and artists, and to the Kulturhelga Havglimt festival, held since 2016.